
Økonomisk redningsaksjon, rydding i trasear og klargjering av heisar
Tida går fort mot ein ny vintersesong, som vi håpar byr på meir snø enn sist vinter. Det manglar ikkje på arbeidsoppgåver i sommarhalvåret. Vi har ein stor dugnadsgjeng som har vore i sving med rydding av kratt og busker i traseane, vedlikehold og klargjering av heisar og maskiner, og mange andre arbeidsoppgåver. Takk til alle desse! Stor takk også til alle dei som har engasjert seg i ein økonomisk redningsaksjon, som har sikra at vi no har eit økonomisk grunnlag for å drive anlegget vidare.